Borte vekk
Nei, eg har ikkje mist noko. Fann ikkje att brillene som vart borte, og dei kom ikkje att sjølvom eg kjøpte nye. Eg tenkjer på småfuglane. Kvar har dei vorte av? Ligg dei stivfrosne rundt om, eller har dei trekt til ein kant av landet der det er mindre kaldt? Ikkje ein fugl å sjå etter nyttår, heller ikkje kråker. Er det fugleinfluensaen som herjar? Det er rett stussleg å sjå ut glaset dagane. Ikkje ei fjør å sjå. Las i lokalavisa om ein person som også saknar småpippane. Viss her var fuglar, så hadde nok katten greitt å fange ein og annan. Nei, ingen fjører på dørmatta. Det kan vel ikkje vere slik at kjøtmeisa skyr buplassen her sidan eg ikkje har lagt ut frø? Kjem det ikkje ein fugl snart, må eg ut og leite. Dei einaste som flyg over her, er flya til og frå Hovden.
