Berre ein katt?
Det er ei veke sidan vi kom att frå ein tur til hovudstaden. Den trufaste huskatten styrer grunnen åleine når vi er borte. Han har rikeleg tilgang på mat, og husly i garasjen. Hokatten, Marianne, av skogkatt-type, brukar å dukke opp når vi kjem heim. Han er sporlaust borte, og eg er litt lei meg.
Kva har skjedd? Er han teken av eit større og sterkare dyr? Eg ser at at det er spor av rev rundt tunet, men tvilar litt på at katten har vorte overlista av Mikkel. Ørna er også eit alternativ. Sjukdom er kanskje ei meir truleg dødsårsak. Vi var borte vel veke og ein god del kattemat er borte. Viss det har støytt noko til, trur eg det må ha vore kort tid før vi kom heim.
Kvardagen vart ein annan på buplassen. Det er slutt på å sleppe katten ut og sleppe han inn. Det er inga mjauing utanfor soveromsglaset tidleg om morgonen. Sit eg ved varandadøra i stova og ser på fjernsyn, er eg van med kloring på veggen utanfor når han vil inn etter naudsynt tur ut. Når katten var inne, hadde han visse plassar der han la seg til og sove.
Kor gammal vert ein katt? Er det sant at eit katteliv er tjue år, vart han vel om lag sytti.
