Då eg «knekte» lesekoda
Eg lærte ikkje å lese ved å stave meg gjennom ei ABC-bok. No er eg ikkje noko unikum i så måte. Anten du trur det eller ei, var det lokalavisa som var min første lesnad. Der fekk eg kunnskap om små og store bokstavar. Fekk nok litt hjelp frå mor som sikkert tykte det kunne vere greitt at eg knekte lesekoda før eg tok vegen til første skuledagen på den vesle bygdeskulen som låg eit steinkast frå heimen.
Det var ikkje noko stort bibliotek i barndomsheimen min. Det var heller ikkje så mange publikasjonar som fann vegen til postkassa. Mor heldt Norsk Misjonstidende, og frå tid til anna fekk ho ein bunke med Alle Kvinner som tvillingsøstera abonnerte på.
Ein dag sat eg og stava på tittelen til det nemnde damebladet.” A-L-L-E K-V-I-N -N-E-R ———
MISJONSTIDENDE!”
Denne episoda må du tru eg stendig vart mint på opp gjennom åra.
