Follabloggen

Velkommen til min blogg

Basar

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - mandag 11. mars , 2013

Basar

 

Basar er eit ord som gjev lovnad om vinst. Ordet er visstnok persisk og det kan ein forstå sidan basarane i dei muslimske landa er marknader der det finst uhorveleg mykje å velje i, men gratis er det ikkje, men kanskje nesten viss du er god til å prute.

Basar er eit ord som gjev mange assosiasjonar og minne. Kvart år er det ein eller fleire basarar i bygda. Det friviljuge arbeidet treng midlar, og basaren er obligatorisk i innsamlingsarbeidet. Basaren kombinerer det pengemessige behovet med triveleg samkome, god prat og takk for sist. Den vesle spaninga du får når du har alle årane framfor deg og ventar på at neste nummer vert ropt opp. Eg har vore på basar utan å vinne når det var åresal, eller når loddboka som sirkulerte i bygda, skulle trekkjast. Så har det hendt at eg har vunne så mykje at eg vart flau. Kan hugsa nokre som eg tykte alltid vann. Dei tok sikkert mange lodd, og då skulle det berre mangle. Diverre hender det at ein tek mange lodd, men ikkje vinn. Eg vart ofte lei meg då eg var liten og ikkje vann. Gjekk litt sturen heim då, men det gjekk fort over.

Gløymer forresten ikkje den gongen eg var på ei slags tilstelling med utlodding. Kanskje det var basar. Hadde ikkje fått med meg pengar, så eg sat der og såg litt molefonken ut. Ei kone frå Søre tykte synd i meg og gav meg eit lodd. Det var ei fruktkorg som var vinsten. Kry og litt skjelvande var eg då eg kunne løfte lanken i veret. Det var eg som vann! Kan ikkje hugse om ho som gav meg loddet, fekk eit eple av meg. Tviler på at eg tenkte så langt. Fruktkorga vart etter det brukt til juletrepynten. Slik kom eg til å hugse både den ufortente vinnarlukka og ho som gav meg loddet.

Når loddboka som skal trekkjast på basaren kjem heim til oss, vert namna til born og borneborn skrivne. Det er litt artig når namnet på ein av”avleggarane” vert ropt opp. Sist det var basar hadde eg det så travelt at eg berre skreiv kona og mitt namn. Vi vann ikkje. Neste gong får eg gje meg tid til å skrive ned alle.

Basar er ikkje berre loddsal, trekking og hei der vann eg! Det er også lukt av kaffi og smaken av gode kaker. På ein basar treng det ikkje vere så mykje anna program enn det som har med lodd- eller åresal å gjere. Eg kan hugse frå min barndoms basarar på det vesle skulehuset. Då var det alltid ein gjeng som aldri kom inn i skulestova. Dei var ute i gangen. Når sjølve basaren kom i gang, var dei sjølvsagt med, då måtte døra vere open. Det kunne vere kjøpesterke folk som var der.

Det du vinn på ein bygdabasar kan sjølvsagt ikkje måle seg med det ein kan vinne i eit lotteri, men sjansen for  ein vinst er større, og så er det sjarmen ved å vinne. Må legge til at det ofte vert litt løye når folk vinn noko som berre vert komisk. Kva skal til dømes ei eldre dame på mange og åtti med eit slepetau. Eller kva skal ein gammal kall med eit make up –skrin?

1 kommentar »

  1. Tanja Said,

    mars 14, 2013 @ 12:55

    :)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php