Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

SANKETID

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 15. august , 2013

Det er dei som har det som livsstil å samle på eitt eller anna, eller kanskje samle på det meste. I dei siste tilfella syner det seg ofte at det her også er snakk om folk som ikkje greier å kaste. Då vert det gjerne overfylt i alle rom.  Eg likar å tenkje at eg […]

Seinsommartankar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 6. august , 2013

Hausten er ikkje langt unna. Ein merkar det på mørkret som kjem snikande om kvelden. Sommaren er altfor kort. Eg ventar at sommaren skal vare enno ei stund, vil ikkje reflektere over denne årstida enno             I går skulle eg skrive noko om han som fylte 200 år, men eg var for trøytt etter ei […]

Flaggermus

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser lørdag 29. juni , 2013

Sist vinter var kald, men skinnvengjene overlevde. Vi veit at dei i vintermånadene er i dvale. Då heng dei opp-ned etter klørne og søv med ein puls på eitt slag i minuttet. Kvar dei har vinterkvarter, er for meg ei gåte, men dei finn seg nok ei grotte der temperaturen ikkje er under 0. Det […]

Ej ladest

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 9. juni , 2013

I dag la eg meg føre, måtte rett os slett halde senga, orka ikkje å stirre. Med andre ord: Eg var ikkje mann til å stå opp. Mann i denne tydinga er det same som menneske. «Ej ladest » vert det meir meining i når ordet vert skrive «lagdest» av å leggje (seg ned). Det […]

Kristkongane på Moster

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 8. juni , 2013

Dette historisk spelet om overgangen mellom heidendom og kristendom i Noreg, vert gjerne kalla berre Mostraspelet. Hit kom OlavTrygvasson første gongen i 995 e.Kr. Så kom han att i 997. Olav Trygvasson fall ved Svolder i år 1000. Så kom Olav Haraldsson som seinare vart Olav den heilage. Eg vil ikkje gå inn på sjølve […]

Den gamle kyrkjedøra

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 6. juni , 2013

    I våpenhuset i Hornindal kyrkje står ei gammal dør. Ho var inngangsdør i den førre kyrkja i soknet bygd på 1600-talet som vart riven og seld då det vart reist ny kyrkje i 1856. Den gamle kyrkja vart brukt til byggematerial på ein gard i nærleiken av Eid. Kyrkjedøra vart dør i eit […]

Hugseliste

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 5. juni , 2013

HUGSELISTE I går såg eg ei hugseliste som gjorde inntrykk. Lista fortalde mykje om den som laga henne og endå meir om ein livsstil og krava til livsopphald.. Lista heng på eit spiskammers i eit eldre hus der ingen bur fast lenger. Huset ligg på ei øy inne i ein fjord. Her er fleire hus, […]

Jordbær

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 26. mai , 2013

Det har vore eit mas i fleire år. Skal vi ikkje ha jordbæråker igjen? Eg har hatt sterke innvendingar. Beste argumentet har vore hjorten. Skal ein dyrke noke, må det vere eit høgt gjerde rundt. Det vart ein liten åker med eit gjerde rundt. I dag lurer eg på om eg skulle ha kjøpt fleire […]

KORJE

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 1. mai , 2013

”Dei va `kje å sjå korje”. Ordet  ”korje” eller ”korgje” er ikkje i språket no. Korje tyder ein av to, og slik eg kjenner det vart det brukt i tydinga korkje den eine eller andre. Korkje er vel også utdatert. No er det ”verken”som gjeld. Eg slår gjerne eit lite slag for ”korje” for det […]

Kul dame

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 5. april , 2013

Petter på 10 år vart heilt oppslukt av TV-programmet om Nikka Grønning som vart vist på Nrk1 no rett etter påske. Ja, han la seg på magen framfor flatskjermen og såg på denne livsfriske 97-åringen. ”Denne dama må eg møte,”sa guten som elles ikkje har brydd seg om anna enn Star Wars. Kanskje han har […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php