Follabloggen

Velkommen til min blogg

Flaggermus

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - lørdag 29. juni , 2013

Sist vinter var kald, men skinnvengjene overlevde. Vi veit at dei i vintermånadene er i dvale. Då heng dei opp-ned etter klørne og søv med ein puls på eitt slag i minuttet. Kvar dei har vinterkvarter, er for meg ei gåte, men dei finn seg nok ei grotte der temperaturen ikkje er under 0. Det er vel slik med paddene og, dei finn seg urahol og søv sin dvalesvevn til vårsola vekkjer dei.

Bygda mi er ein verestad for padder og flaggermus. Det har vorte mindre med folk rundt på buplassane, men skinnvengjer og padder er det nok av. Desse dyra er verneverdige og dyrebare og må ikkje skadast. Den dagen husa her er folketome, er det flaggermysene som tek over. No lever vi i fredelg sameksistens, men ikkje utan ein viss irritasjon.

 Sommargjestene våre lurer ofte på kva som spring over  takhimlingen nattes tid. Dei spør og lurer. Er det ånder, kråker eller anna avåt. Dama som vakna opp med ei flaggermus mellom sengkleda, lurte ikkje lenger. Ho skreik og vekte mannen sin. Kanskje ikkje så lurt å ligge med ope glas om natta. Det er ti år sidan no, då saga eg eit hol i taket og stakk hovud opp for å sjå kva som fanst i mørkret der oppe. Der var det både flygande vesen og plenty med lort. Etter ei omfattande renovering og tetting av alle tenkjelege smotthol, trudde eg at no måtte skinnvengjene finne seg bol og beitemark andre stader. Nei, det er her dei vil vere.

 No veit eg at det finst apparat som lagar høgfrekvent lyd og kan skremme vekk rasketyet, men slike innretningar er dyre. Det er også ein fare for at den nasjonale organisasjonen som skal verne om alle habitatane til flaggermusa, kjem på huset og lagar eit fole styr. Då kan det bli oppslag i VG om slemme folk i Paddefjorden som jagar vekk dei snille flaggermysene. Kvar skal dei stakkars insektetarane gjere av seg?

 No krev den før omtala organisasjonen at Statens vegvesen sikrar flaggermusbestanden i bygda. Det er nemleg kome opp at eit ukjent tal flaggermus vart husville då eit eldre, rivingsklart, hus på mystisk vis brann ned.

 Snart skal den ovdigre paddeskulpturen plasserast ved Kvivsvegen. Kva med flaggermusa? Bør ikkje ho og synleggjerast på same staden?

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    juni 30, 2013 @ 21:13

    *GRØSS*

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php