Seinsommartankar
Hausten er ikkje langt unna. Ein merkar det på mørkret som kjem snikande om kvelden. Sommaren er altfor kort. Eg ventar at sommaren skal vare enno ei stund, vil ikkje reflektere over denne årstida enno
I går skulle eg skrive noko om han som fylte 200 år, men eg var for trøytt etter ei reis med nattbussen, måtte sove. Det var visst nok av dei som ynskte til lukke med dagen og ynskje om fleire gode år- for ”målet hennar mor”. I staden set eg pris på han Ivar ved å bruke det målet eg vart opplært i. Skriv eg bokmål, tek eg på meg ei framand kappe. Slik kjennest det. Dei vert nok på nynorsk bloggane mine framleis.
Over mange år har det vore slik at sommaren reiser med tyskerane. I år vil det seie den 17. Sidan kona og eg er pensjonistar, kan det brått bli sommar elles i året og.
Ser at sist det kom ei tekst, var den 26. juni. Etter det måtte det dukke opp ei einsleg padde. Kva ville ho her? Ein kveld kom ho inn på den nye terassen. Inspeksjon. Eg er stolt av det Egil og eg fekk til, nytt inngangsparti. Takk til arkitekt og entreprenør! Så langt er det noko som viser att etter denne sommaren. Jau, her er meir: 78 rundballar som venteleg vert henta av han som har tinga dei, ein bonde i Hornindal. Slåtten er ikkje som før. Vart litt kantslått på meg som vanleg, må sjå skamlaust ut rundt veggene.
Jordbæråkeren vart ingen suksess i år. Det var bær frå Valldalen som vart redninga.Til helga vert det kanskje meir valldalbær. Då skal eg møte dei aller første elevane eg hadde. Klassefest. Det har eg sett fram til.

