Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kristkongane på Moster

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 8. juni , 2013

004 (2)

Dette historisk spelet om overgangen mellom heidendom og kristendom i Noreg, vert gjerne kalla berre Mostraspelet. Hit kom OlavTrygvasson første gongen i 995 e.Kr. Så kom han att i 997. Olav Trygvasson fall ved Svolder i år 1000. Så kom Olav Haraldsson som seinare vart Olav den heilage. Eg vil ikkje gå inn på sjølve handlinga, men det er interessant at Moster har ein så sentral plass i kristningssoga. Det er Johannes Heggland som har skrive manuset. Dei siste åra har Svein Tindberg vore instruktør.

Kona og eg fekk billettar til spelet av born og svigerborn sist jul. Vi drog til spelet som hadde premiere 1. juni. Vi kom så tidleg til Mosterhamn at vi var i den gamle kyrkja og fekk med oss eit svært interessant foredrag halde av Svein Tindberg. Han spela ikkje Olav Haraldsson denne gongen, men det var veldig kjekt å få med seg dette foredraget.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php