Ej ladest
I dag la eg meg føre, måtte rett os slett halde senga, orka ikkje å stirre. Med andre ord: Eg var ikkje mann til å stå opp. Mann i denne tydinga er det same som menneske. «Ej ladest » vert det meir meining i når ordet vert skrive «lagdest» av å leggje (seg ned).
Det er ikkje så viktig å fortelje kvifor eg måtte halde senga(sofaen) i dag, men ei forkjøling kan vere god nok grunn. Så er det ei von om at det skal hjelpe med litt kvild og litt ekstra reinsing av holrom i hovudet og i bronkiane. Det var nede på Moster eg skoga ti krimsjuka, og etter kvart byrja kona også å hoste. Vi hostar gjerne om kapp her i huset, men ingen er så sjuk som han far.
I kveld er eg oppegåande og i morgon ventar eg å bli betre. Snart er det berre ei veke til vi skal ut og reise igjen, og då er det bra om ein ikkje hostar eller nys.
