KORJE
”Dei va `kje å sjå korje”. Ordet ”korje” eller ”korgje” er ikkje i språket no. Korje tyder ein av to, og slik eg kjenner det vart det brukt i tydinga korkje den eine eller andre. Korkje er vel også utdatert. No er det ”verken”som gjeld. Eg slår gjerne eit lite slag for ”korje” for det er eit godt ord og det er ”megetsigende”. Når kona mi spør: ”Var Kari og Per på festen? Då kan eg seie: ”Dei va ` kje der korje”.
Som du forstår, dett det framleis ned eit gammalt ord no og då. Kom brått på eit ord som vi brukte i min barndom, eit aktuelt ord i desse dagar: ”Vårgjæle”. Det er prikkar du får i fjeset når vårsola får sleppe til.
