Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ingeborg Ragna (1909-2008), tidleg barndom

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 30. januar , 2013

Eg held fram med folket på Saure. Mor mi var barnebarn til Jørgen Berntson. Dei første åra var ho mykje inne hos besteforeldra. Grunnen var kan hende at foreldra trong avlasting, og her fekk ho nok ekstra omsorg. Ho var tvilling og søstera, Johanne, var truleg meir robust. Det var det andre tvillingparet i huslyden. Jørgen og Brit vart fødde fire år før. Mor og søstera var for tidleg fødde, slik det ofte er med tvillingar. Mor var så lita då ho var fødd at bestefar kunne tre gifteringen oppetter arma hennar, radt til skuldra.  Eg har opplevd å bli far til fleire barn, men kunne aldri slik bestefar på Saure, halde den nyfødde i loven(den opne handflata). Det vert fortalt at besteforeldra byttest om å varme dei små inne på bringa. Den vesle Ingeborg vaks opp og fekk ei god helse. Bernt med Johanne og Jørgen framfor. Gyrid med Ingeborg og Brit. Borghil Mork og Jørgen og Johanne.img082Biletet må vere frå ca 1911. Besta held mor, og bestefar, Johanne. Jørgen står framfor bestefar og Brit ved sida av besta. Til høgre står Jørgen og Brit, gamlefolket på garden. Kvinna midt på biletet er Borghild Mork.

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php