Follabloggen

Velkommen til min blogg

Avlesjle

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 23. november , 2012

Ein gong i sin høge alder snakka mor om noko som ho kalla ei avlesjle. Ho var ikkje overraska over at eg ikkje visste kva ordet tydde, så eg fekk ei forklaring.

Ei avlesjle er noko du skulle ha gjort, men som du heile tida set ut i tid Eg har lært eit framandord som dekkjer fenomenet. Det heiter å prokrastinere!

Sidan eg er litt nyfiken på gamle ord, så eg måtte sjå kva han Ivar skriv om ordet avlesjle. No finn eg ikkje uttalen slik mor sa det. Lurer på om han fekk med seg alle dialektvariantane, men han har med nokre: å avleide, avleidsle, avleltje eller avlelsje. Han kunne nok også hatt med halvemålsvarianten, havlesjle.

Så får kvar med seg tenkje seg kva han eller ho driv og utset. Sjølv har eg» svin på skogen». i så måte.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php