Follabloggen

Velkommen til min blogg

12.12.12

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 12. desember , 2012

Eg likar talet 12. Det er fødselsdatoen min, men den er ikkje i slutten av året. Rart med 12. Det er så mange månader i året, og det var 12 apostlar.
Så denne dagen med ei talsamansetjing som ikkje dukkar opp før om så mange år at knapt noko nolevande menneske vil oppleve det igjen.

Nokon feira dagen på ein sterkare måte enn andre, med å seie ja til kjærasten og love livslang truskap. Dei fleste har nok hatt ein heilt vanleg onsdag, men fått med seg at det er ein dag å merke seg.

Eg merka meg at ei kjend røyst i fylket spådde uver i jula, ei ny Dagmar kanskje. Vi får vone at det berre vert litt nordvestkuling. Det har forresten vore stilt i dag også, som i går.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php