Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Vind og væte

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 20. januar , 2020

Ny veke med vind og væte. Skal eg ut i dag, må oljehyra på. Trur eg ventar litt og tek litt indreteneste først. Bør kanskje tenkje på at huset skal sjå presentabelt ut når kona kjem heim etter tre veker på Bergenskanten. Eg har ikkje rota, men likevel. Tenkjer på om eg har noko å […]

Dill

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 19. januar , 2020

Skulle ha teke ein gjennomgang på det som er i kjøleskåpet. Under middagslaginga i dag fann eg ei «blomsterpotte» nedst i skåpet. Dill! Oi, oi, dette er meir enn 14 dagar gammalt! Skal tru dillen er etande framleis? Skal vere ei næringsrik plante med både vitaminar og andre gode stoff. Eg  fann ut at det […]

Medan eg ventar på lyset

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser fredag 17. januar , 2020

Det er mørke «mennja», men lyset kjem sigande. I dag skal det bli lettare å vere ute, mindre regn og vind. Kanskje kappe litt ved? Det har vore for mykje inneliv. Kanskje drage i gang motorsaga? Men før det har eg teke til meg føde, lekamleg og åndeleg. Budd på å møte dagen. Sender tankar […]

Den vegen høna sparkar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 16. januar , 2020

Eg har alltid forstått det slik at det er ei negativt, pessimistisk utsegn at det går den vegen høna sparkar. Det går galne vegen. I dag tenkjer eg på bygda mi. Her har mykje gått i feil retning, det går til atters. Det som er tydelegast, er at skulen er i fare. Om eitt år […]

Kva skal vi ete?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 15. januar , 2020

Maten er halve føda, heiter det. Det høyrest ut som ein spøk, men det er mykje rett i det. I dag vart eg freista til å lese/høyre på ein video på FB. Eg skjøna straks at her er det nokon som er ute etter å selje eit (super)produkt. Dette har eg vore ute for før, […]

Ny dag og nye tankar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 14. januar , 2020

Vi menneske har evna til å reflektere over eige liv. I dag vart vi i lokalradioen minte om at vi må tenkje på hjerna vår. Høyrt slikt?» Tenkje på» tyder då å gjere noko for å styrke henne. Ja, kan vi gjere noko for å forebygge demens, alzheimer og kva fælt som kan heimsøkje oss? […]

Tankar i tida

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 13. januar , 2020

Alle tankane mine er i tida. Utanfor tida har eg ingen tankar, men eg har tankar om det som kan vere utanfor tida. Vi har nett gått inn i eit nytt år og i går fylte eg år. Då var det mange som helsa meg, på sosiale media som det heiter. Eg meiner sjølv at […]

Ei endring i livet

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 27. september , 2019

Tenkte først: Ny start, milpæl, men kom til at det er snakk om endring i livet. I dag tok eg i bruk eit hjelpemiddel som eg har nokre forventningar til. Det er alt saman knytt til ein sans; høyrsla. Eg heldt ikkje på å bli dauv, berre litt tunghøyrd. Det gav seg ymse utslag, og […]

SFINXEN

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 6. januar , 2019

Det er rart å sjå dette monumentet frå oldtida, Sfinxen, hoggen ut av grunnfjellet, kalkstein. Monumentet er del av eit større tempelområdet. Det er ein mytisk koloss som ligg i same område (Giza-platået) med den største pyramiden, Kheops, ikkje langt unna. Sfinxen er halvt løve(kroppen ) og menneske (hovudet). Det vart dessverre noko motlys der […]

Kurri, kurri !

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 19. august , 2018

Min barndom var full av dyr. Sauen vart gjerne kalla kurrebæ på barnespråket. Kurr var eit anna namn på sauen og brukt som kallenamn når  sauen eller saueflokken skulle lokkast på. Då ropte ein «Kurri, kurri !» med si blidaste stemme. Mor brukte å rope på kyrne eller krøtera når dei var ute og dei […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php