Kva skal vi ete?

Maten er halve føda, heiter det. Det høyrest ut som ein spøk, men det er mykje rett i det.

I dag vart eg freista til å lese/høyre på ein video på FB. Eg skjøna straks at her er det nokon som er ute etter å selje eit (super)produkt. Dette har eg vore ute for før, gode tilbode presentert av ein telefonseljar. Eg sa ja til ei gratis prøveperiode, noko som førte til lenging av elendet med betaling og det heile. Sjølvsagt merka eg inga endring på helsa. Når dette er sagt, puttar eg inn på kosttilskot kvar dag, romega i tillegg til tran. Eg vert vel ikkje skarpare i tanken, men heller ikkje dummare. Trur eg.

Så kan ein halde fram med filosoferinga. Kva anna kan vere føde, enn mat, drikke og kosttilskot? For meg er det enkelt og omfatta av det kjende omgrepet:Dagleg brød, og det er alt vi treng for å leve.

I dag skal eg på onsdagskafeen til Bygdekvinnene. Der reknar eg med å treffe folk på min eigen alder over ein kaffikopp og ei svele. I kveld er det korøving på Grodås.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.