Follabloggen

Velkommen til min blogg

Vind og væte

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 20. januar , 2020

Ny veke med vind og væte. Skal eg ut i dag, må oljehyra på. Trur eg ventar litt og tek litt indreteneste først. Bør kanskje tenkje på at huset skal sjå presentabelt ut når kona kjem heim etter tre veker på Bergenskanten. Eg har ikkje rota, men likevel.

Tenkjer på om eg har noko å glede meg til i dag. Blir kanhende litt styr i rikspolitikken. Frp ut av regjeringa? Kva så? Skal følgje med. Ved ein såkalla exit vert det mange spørsmål og meir baluba. Hadde forresten vore greitt om Støre kunne sleppe til saman med Vedum pluss eit par urokråker, kanskje.

No lettar det. Då berst det ut. God dag!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php