Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

I bobla

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser onsdag 25. mars , 2020

Livet har vorte annleis. Skal vi ut der folk ferdast, må vi halde avstand. Det er unormale tilstandar i riket. Det er lite planar for framtida. Eg har i dag bestemt meg for å ta kontakt med folk som eg kjenner og som det er lenge sidan eg snakka med. I utgangspunktet ein person kvar […]

Corona

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 24. mars , 2020

    No er det coronavirusepidemi. Norge er i unntakstilstand. Det er krig mot noko som for vårt auge ikkje er synleg, men verkeleg. Det er ikkje levande, men heller ikkje daudt. Det kan invadere celler i kroppen din og då vert det farleg. Nokre vert alvorleg sjuke og kan døy. Det er særleg farleg […]

Utdatert ?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 12. februar , 2020

Kan musikk vere utdatert? Kan eg sjølv  vere utdatert? Det har etterkvart gått opp for meg at mange av dei artistane eg har kosa meg med å lytte til, ikkje lenger lever. Her kjem stendig til nye namn, nye artistar og mange av dei er flinke. Kva er det så som får meg til å […]

Sidan sist

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 4. februar , 2020

Det vart litt ferie frå bloggskriving. Av og til må ein ut og «lufte vitet.» Det vart lufta med tur til Oslo og tre dagar der. Der var det snølaust og «vårleg». Hovudføremålet med reisa var «utpakking «av julegåva frå born og svigerborn. Det var kjekt med attersynet av «Sound of Music». Første gongen var […]

Holocaust

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 27. januar , 2020

I dag er det den internasjonale minnedagen for holocaust, masseutryddinga av jødar sett i verk av nazistane før og under 2. verdskrigen. For nokre dagar sidan skreiv eg om Tara Westover. Ho hadde ikkje høyrt om holocaust før ho kom på skule som 17 åring. Det er viktig at vi ikkje gløymer det fælslege som […]

Lufta ut av ballongen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 26. januar , 2020

Det kan vere fleire årsaker til at noko ikkje lenger fungerer. Ein ballong kan sprekke, av ytre årsaker, eller av indre der lufta berre siv ut. Eg veit kva eg snakkar om. Har opplevd det fleire gonger. Eit viktig stikkord i mange samanhangar er motivasjon. Kva er det som motiverer oss? Kva er det som […]

Ei bok du må lese

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser lørdag 25. januar , 2020

I dag gjer eg noko før første gong. Eg har aldri skrive ei bokmelding, men i dag gjer eg det, og på min måte. Boka handlar om oppveksten til ei jente i staten Idaho, USA. Boka kom ut i 2018 og gjekk rett inn på bestseljarlistene. Så langt eg veit, er ho no omsett til […]

Tenner

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 23. januar , 2020

Eg trur at dei fleste er opptekne av sine og andre sine tenner. Tennene kan vere eit tydeleg ytre karaktertrekk ved ein person. Av ulike årsaker har tennene plaga meg heilt frå eg var 7 år og hadde mitt første møte med den såkalla tannhelsetenesta. Den dagen var det ein massakre på tanngarden min. Etter […]

Dagens metafor

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser onsdag 22. januar , 2020

Beinkløyvd   Ordet fortel at noko er enkelt eller lett. Det er likevel mest vanleg å bruke det i meir negativ tyding: Det er ikkje beinkløyvt! Dette er noko vi møter kvar dag. Livet er ikkje enkelt. Det er mange kvifor og korleis. Svaret på kvifor kan vere så vanskeleg at vi aldri finn noko […]

Rett fokus

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 21. januar , 2020

«Lit på Herren av heile ditt hjarte, støtt deg ikkje på eiga innsikt. Ha han i tankar kvar du ferdast, så gjer han stigane dine jamne. Ver ikkje vis i eigne auge, frykt Herren og vend deg bort frå det vonde! Det blir til helse for kroppen, ein styrkedrikk for merg og bein. Æra Herren […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php