Beinkløyvd
Ordet fortel at noko er enkelt eller lett. Det er likevel mest vanleg å bruke det i meir negativ tyding: Det er ikkje beinkløyvt! Dette er noko vi møter kvar dag. Livet er ikkje enkelt. Det er mange kvifor og korleis. Svaret på kvifor kan vere så vanskeleg at vi aldri finn noko svar. Korleis vi løyser ei vanskeleg eller utfordrande sak, kan setje vilje og krefter på prøve. Greier vi å finne ei løysing i ei vanskeleg sak, kan det gje oss glede og nye krefter.
Flott bilete! I dobbel forstand!