Livet har vorte annleis. Skal vi ut der folk ferdast, må vi halde avstand. Det er unormale tilstandar i riket. Det er lite planar for framtida. Eg har i dag bestemt meg for å ta kontakt med folk som eg kjenner og som det er lenge sidan eg snakka med. I utgangspunktet ein person kvar dag. Det kan bli litt ambisiøst sidan slike samtalar har eit lag til å bli lange. Eg ser det likevel som ein god plan.
Eg har allereie starta med å ta kontakt, og eg opplevde det som positivt. Kanskje kan det kome noko godt ut av coronaperioden.
I dag var det skikkeleg dårleg ver med regn og vind. Slike dagar er perfekte til å få gjort indreteneste. Det var min tur å lage middag, og sidan det er vaffelkakedagen, laga eg herlege vafler. Kona har fått reingjeringsvirus så eg måtte hjelpe henne litt med å vaske taket i vaskeromet. Når ho først vaskar, så skal det gjerast grundig.
Elles saknar eg ei god bok. Det kjem ikkje på tale med puslespel og slett ikkje monopol!
Hei Harald,
Kjekt å sjå nye bloggar no og kanskje spesielt slik det er med corona no. Så takk for ein triveleg telefonprat på onsdag som var. Du set ut i livet det du skriv.
God helse til dokke to på Folla.