Ei endring i livet

Tenkte først: Ny start, milpæl, men kom til at det er snakk om endring i livet.

I dag tok eg i bruk eit hjelpemiddel som eg har nokre forventningar til. Det er alt saman knytt til ein sans; høyrsla. Eg heldt ikkje på å bli dauv, berre litt tunghøyrd. Det gav seg ymse utslag, og alle desse gjorde at eg stundom kjende meg utanfor. Dei siste åra har eg høyrt vitsar utan å få med meg poenget. Har ofte flira likevel. Du skal ikkje misse mange ord i ei framstilling før du misser samanheng og meining.

No har eg brukt høyreapparat i ti timar. Det går fint. Alle knirk har vore tydelegare, skarpare. Det vert lite fuglesong før til våren, men eg ser fram til å høyre godt anna enn kråke og ramn. Opplever eg ein auka livskvalitet?

Noko av det eg hugsar best av mormor og morfar var roping. Mor fekk og svekka høyrsle, men vi snakka ikkje med særleg høgare  volum. Eg tenkjer vi i vår tid er heldige som kan få hjelpemiddel som lettar livet for oss. Får du ei medisinsk diagnose som fortel om nedsett høyrsle, får du hjelpemiddel nesten gratis.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.