Follabloggen

Velkommen til min blogg

Dill

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 19. januar , 2020

Skulle ha teke ein gjennomgang på det som er i kjøleskåpet. Under middagslaginga i dag fann eg ei «blomsterpotte» nedst i skåpet. Dill! Oi, oi, dette er meir enn 14 dagar gammalt! Skal tru dillen er etande framleis? Skal vere ei næringsrik plante med både vitaminar og andre gode stoff. Eg  fann ut at det får greie seg med broccoli. Så får eg søkje råd om vidare handsaming av dillen.

Ordet dill er eit brukande ord elles. -Kva er det du styrer med? Nei, det er berre noko dill. vert ikkje noko meiningsfullt!

Så finst det eit verb – å dille. Lammet dillar med den vesle rumpa si. Ristar på rumpa. Kanskje hunden gjer det same. Iva Aasen har også eit anna dilledøme:

Tausedill. En som altid vil være hos pigerne.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php