Det er rart å sjå dette monumentet frå oldtida, Sfinxen, hoggen ut av grunnfjellet, kalkstein. Monumentet er del av eit større tempelområdet.
Det er ein mytisk koloss som ligg i same område (Giza-platået) med den største pyramiden, Kheops, ikkje langt unna. Sfinxen er halvt løve(kroppen ) og menneske (hovudet). Det vart dessverre noko motlys der eg stod så andletstrekka er noko uklare.
Sfinxen har gått inn i vår førestillings- eller omgrepsvokabular. Fekk sjølv høyre ein gong at eg var ein sfinx. Det var ein person som konfronterte meg med at eg ikkje sa noko i ei bestemt sak, i kommunepolitikken. Eg trøysta meg med at Ibsen også vart kalla ein sfinx der han sat på Theaterkafeen.
Eg har funne ut at ordet sfinx eigentleg er gresk og er del av mytestoffet frå den gamle egyptiske kulturen. Biletet mitt syner ikkje godt at nasen på sfinxen er borte, og det er fleire teoriar om kven som fjerna den.