Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Drit

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 10. februar , 2014

Eg har ikkje tenkt å slenge drit, eller prate drit. Det vert det meir enn nok av i alle kanalar.Derimot vil eg lufte frustrasjonen eg har over  bruken av ordet «drit» i mange samanhengar. Eg er ikkje dummare enn at eg forstår at det er positivt meint i mange tilfelle. Likevel reagerer eg negativt på […]

Robust

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser torsdag 30. januar , 2014

Er du robust? Eg er i tvil om eg kan vere det. Høyrer ordet titt og ofte nytta i media no i det siste. Trur det må vere det ordet vi skal nytte no for å bli lagt merke til. Ei kommune eller ei bedrift må vere robust får vi høyre, robust for å tole […]

Kva no?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 13. januar , 2014

Ved ei ny vending, eit nytt år eller inngangen til ei ny tid, kan spørsmålet vere: Kva no? Snakka om ei ny tid når ein er på full fres inn i alderdommen med fare for både det eine og det andre. Det kjendest som ei aktuell problemstilling i dag då eg sette det eine beinet […]

16 ulv

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 4. desember , 2013

Der kom det igjen! Kvifor gjer dei det? Vakna i dag til nyheita om at det er skote 16 ulvar i Norge i år. Opplesaren forkynte at det var 16 ulv. Kvifor eintal når det er fleirtal. Eg har høyrt liknande før når skipsbaronane i Herøy snakkar om kontrahering av nye skip til 100 million. […]

Slåttonn i Afrika

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 30. november , 2013

Det finst kanskje slåmaskiner, forhaustarar eller plenklipparar i Etiopia. Eg såg ingen. Stuttorvar og langorvar såg eg heller ikkje. Graset vart slege med små sigdar, ikkje berre langt gras. men også plenar vart trimma med sigd.   (Foto: Ketil Fuglestad) Graset som kvinna har «skore», vert turka på marka. Etter ein slik markaslått, hadde eg […]

Bonde i høgfjellet

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 25. november , 2013

Han lika ikkje at eg tok bilde av han, den unge bonden som pløgde ny åker. Dette er høgt til fjells, ca 3500 m.o.h. Eg spurde han på engelsk kor høgt det var her. «Fifty metres». svara han. Då måtte eg tenkje på kor høgt over havet det er der eg bur. 50 meter! Ein […]

Eit 50-årsminne

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 23. november , 2013

I dag er det 50 år sidan skotet i Dallas, eit skot som fekk store følgjer. Korleis hadde det gått viss dette ikkje hadde hendt. Eg sat på hybelen min i Volda om kvelden den 22. nov. 1963. Den gongen var det meir vanleg å søkje på radiokanalar og brått oppfatta eg nyhendet om at […]

Vatn

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser torsdag 21. november , 2013

Vatn er ikkje berre viktig, det er livsnødvendig. Mange menneske på jorda brukar mykje tid på å skaffe vatn. Ville du drikke vatnet frå denne «kjelda». Når ein er på reise i dette landet, drikk ein sjølvsagt ikkje anna enn flaskevatn. Eg veit ikkje om folk skal drikke av dette grumsete vatnet, det skal sikkert […]

Papaya – ei mirakelfrukt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 18. november , 2013

Fotograf: Ketil Fuglestad Har du kjøpt papaya i Noreg? Den kan ikkje måle seg med smaken på den frukta du får t.d. i Etiopia. Her ser du papaya in natura. Det er frå ei plantasje i Konso. Planta er ikkje eit tre, men ei urt og stammen er innhol. Papaya vert kalla ei mirakelfrukt. Den er […]

Ferskvare

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 16. november , 2013

Fotograf: Worash Muntas Bilete kan fortelje meir enn mange ord. Dei set gjerne tankane i sving. Sidan dette er eit bilete eg ikkje har teke, så har eg fleire spørsmål. No er det ikkje så interessant kva spørsmål eg reiser, men eg kan ikkje dy meg. Kva er bilen fylt opp med sidan taket må […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php