Eit 50-årsminne
I dag er det 50 år sidan skotet i Dallas, eit skot som fekk store følgjer. Korleis hadde det gått viss dette ikkje hadde hendt.
Eg sat på hybelen min i Volda om kvelden den 22. nov. 1963. Den gongen var det meir vanleg å søkje på radiokanalar og brått oppfatta eg nyhendet om at Jon F. Kennedy var skoten i Dallas, Texas. Som mange andre var eg fascinert av den unge presidenten i USA og mange hadde store voner til kva han kunne utrette. Han hadde halde store talar, og han hadde visjonar. I ein tale hadde han sagt at USA skulle lande på månen før tiåret var ute. Han hadde skipa Fredskorpset som skulle ha hjelpe fattige folk i utviklingslanda. Mange vil og hugse Cubakrisa som nær hadde ført verda ut i ein atomkrig.
Eg hugsar valkampen i 1960 då Kennedy vann over Nixon. Teikninga av Kennedy må eg ha laga på denne tida. Etterkvart har det kome fram at John F. også hadde sine svake sider, men det var det ikkje fokusert på den gongen.

