Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Erosjon

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 15. november , 2013

Her har det også regna. For mykje vatn på ein gong og for lite avløp, då vert det erosjon. Jorda rasar ut og vert transportert vekk. Vegar gropar ut. Korleis skal ein hindre øydeleggande flaum langs vegane når der ikkje er stein til å plastre grøftene med?

Meir langs vegen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 13. november , 2013

Stolpar av tre held ikkje i Afrika. Her er det nok termitten som er på ferde. Ein telefon- eller kraftstolpe skal ikkje henge i strengane, då går det før eller seinare gale. Det som vert gjort, er at ein skifter til stolpar av betong. Dei vinn ikkje mauren over, men det tek si tid å […]

Steinrøys, steinrøys

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 12. november , 2013

Eit vanleg syn. Etiopia er eit fjell-land, men det er ikkje rikt på stein. Kan du tenkje deg kvifor det er steinhaugar, eller små røyser ved vegen? Steinen er samla saman og lagt her. Steinane skal knusast til mindre steinar, kall det pukk eller singel. Knusinga skjer med handemakt. gjerne med ein hammar. Eg såg […]

Bort i stauren

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 11. november , 2013

Dette skulle vere ein freistnad på å illustrere uttrykke: «Bort i stauren». Det er ei mengd staur her. Det er staurar for ein kvar smak.  Det er ikkje hesjestaurar eller gardstaurar, men likevel vel eg å kalle det staurar. Vert kanskje litt staurgale, men ei nemning må det ha for tankane eg gjer meg. Dei […]

Future Hope Academy

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 22. oktober , 2013

Eitt av høgdepunkta på turen var vigslinga av den skulen vi har fått vere med på å bygge. Skulen ligg i byen Arba Minch. Det er barne- og ungdomssteg og barnehage. No er det også planar om vidaregåande (college). Her er ei av blokkene. Legg merke til illustrasjonane på ytterveggene.   Ein representant for Mekane […]

På fisketorget

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 21. oktober , 2013

  Marabustorkar ved Awasasjøen. Det var rart å sjå desse fuglane som vi frå Norge kjenner frå logoen til Freia. Det er åtselfuglar. Dette er tett ved fisketorget. Fiskarane har landa dei enkle farkostane og garna ligg på land. Fisken er plukka ut av garna. Nedanfor ser du korleis dei gjer opp fisken. Får ikkje […]

Paradise Hotel

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 21. oktober , 2013

Dette var det næraste vi kom å bu i stråhytte. Paradise Hotel dekte eit større område og gjestane budde i hytter. Ein stolpe midt i rommet og stolpar og stenger for myggnett rundt sengane. Badet til venstre. God plass, men ikkje eit koseleg opphaldsrom. I tillegg til Bjørg og meg «budde» her ei firfisle.Legg merke […]

Hytter og hus II

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 20. oktober , 2013

  Her vert det emna på eit hus. Vi skjønar vel teikninga og på det neste biletet ser vi nokon som er komne litt lenger med eit tilsvarande prosjekt Eg kunne tenkt meg å gå på visitt til ei familie som bur i eit landsens hus i Etiopia. Den sjansen baud seg ikkje. Vi såg […]

Hytter og hus I

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 20. oktober , 2013

Her er det både tradisjonelle stråhytter og eit meir «moderne» hus med bølgjeblekktak. Rundt tunet er det kaktusgjerde. Husa eller hyttene har ikkkje skorstein. Maten vert laga over open eld og røyken finn vegen gjennom taket.  Det er stor byggjeaktivitet i landet. Over alt ser ein murbygningar under arbeid. Somme stader ser det ut som […]

På vegen i Etiopia IV

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 19. oktober , 2013

Det var ein i reisefølgjet som lurte på kva syn etioparane hadde på oss frå Europa. Svaret var klart:» Dei er apekattar:» Her ser du ein apekatt som skodar på artsfrendane sine i bussen. Stogga bussen av ein eller annan grunn, kanskje fordi naturen kravde sin sin rett, kan du vere viss på at det […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php