Meir langs vegen
Stolpar av tre held ikkje i Afrika. Her er det nok termitten som er på ferde. Ein telefon- eller kraftstolpe skal ikkje henge i strengane, då går det før eller seinare gale. Det som vert gjort, er at ein skifter til stolpar av betong. Dei vinn ikkje mauren over, men det tek si tid å skifte ut defekte stolpar.
Vi ser elles såter eller stakkar med korn til tørk. Når kornet er ferdig tørka, vert det treska og det skjer etter gammal oppskrift. Eg såg ein stad der det vart treska ved hjelp av ein okse som gjekk i ring og trakka nett slik som dei gjorde det i bibelsk tid. Eg vart for sein til å fotografere.
Det tredje vi skal legge merke til, er paraplytrea i bakgrunnen til venstre. Det er eit vanleg tre på steppene eller grasslettene. Dei er gjev skugge til trøytte vandrarar og gjetarar som treng ly for tropesola som står mest rett over hovud på folk ved middagsleitet. Akasie er eit meir korrekt namn på treet.

