Steinrøys, steinrøys
Eit vanleg syn. Etiopia er eit fjell-land, men det er ikkje rikt på stein. Kan du tenkje deg kvifor det er steinhaugar, eller små røyser ved vegen? Steinen er samla saman og lagt her. Steinane skal knusast til mindre steinar, kall det pukk eller singel. Knusinga skjer med handemakt. gjerne med ein hammar. Eg såg også ferdig knust stein, men ikkje sjølve knusinga. Det er bruk for stein til vegbygging m.a.

