Follabloggen

Velkommen til min blogg

Hytter og hus I

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 20. oktober , 2013

Etiopiaturen 034

Her er det både tradisjonelle stråhytter og eit meir «moderne» hus med bølgjeblekktak. Rundt tunet er det kaktusgjerde. Husa eller hyttene har ikkkje skorstein. Maten vert laga over open eld og røyken finn vegen gjennom taket.  Etiopiaturen 017

Det er stor byggjeaktivitet i landet. Over alt ser ein murbygningar under arbeid. Somme stader ser det ut som arbeidet har stansa opp. Stillas av staurar eller lange stenger er vanleg. Eg såg ikkje eit einaste stillas av den typen vi brukar. Trematerialane dei brukar må vere utruleg sterke, men det må også vere ein del «svinn» når det gjeld bygningsarbeidarar, for dette såg ikkje trygt ut.

Etiopiaturen 010

Det vi vil kalle slum, er normale butilhøve for mange.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php