Vatn
Vatn er ikkje berre viktig, det er livsnødvendig. Mange menneske på jorda brukar mykje tid på å skaffe vatn. Ville du drikke vatnet frå denne «kjelda». Når ein er på reise i dette landet, drikk ein sjølvsagt ikkje anna enn flaskevatn. Eg veit ikkje om folk skal drikke av dette grumsete vatnet, det skal sikkert brukast til å koke mat i, og det skal vaskast klede. Vi såg at folk vaska klede i elvar som såg like skitne ut. Av og til opplever vi også her i landet at vi får brunt vatn i springen. For få dagar sidan var det eit ofseleg regnver, og då fekk vi også synelege mineralar i servanten. No har vi reinseanlegget i Vassverket så vi får ikkje i oss bakteriar.


Idunn Said,
november 22, 2013 @ 20:37
Flott bilde! Tatt det sjølv?