Drit
Eg har ikkje tenkt å slenge drit, eller prate drit. Det vert det meir enn nok av i alle kanalar.Derimot vil eg lufte frustrasjonen eg har over bruken av ordet «drit» i mange samanhengar.
Eg er ikkje dummare enn at eg forstår at det er positivt meint i mange tilfelle. Likevel reagerer eg negativt på den nye sjargongen. For meg vert ikkje ei kake god om gjesten seier at ho er dritgod, og heller ikkje om ein prestasjon er dritbra. Skulle nokon seie at eg er dritkjekk, får eg heilt andre assosiasjonar enn det som er tilsikta. Skal ein vere ekstra pop er det ikkje nok om ein seier at noko er bra. Det skal vere dritfett! Som du
sikkert alt har forstått, så er eg vel nærast reaksjonær når det gjeld språket.
Aktørane som slenger om seg med alle dritsamansetjingane bør lære seg å skilje mellom drit og kanel og ikkje blande saman.
Som
