Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

For 200 år sidan, Del 2

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 21. mai , 2014

Om få dagar feirar vi 17. mai. I bygda vår er det tradisjon for å kranse ein bauta over austefjordingar som var kalla inn i samband med krigstilstanden mellom Danmark/Noreg og Sverige. Sjur Engjaberg, ein sambygding til Iver på Sunndalsfolla, fall ved Berby. Ein frå Håvika, lenger ute i fjorden, døydde etter påkjenninga ved reisa […]

For 200 år sidan. Del 1.

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 25. april , 2014

Er det eit alderdomsteikn når ein tenkjer for mykje på fortida? I det siste har eg fantasert mykje om 1814. Då  vart Ivar Aasen 1 år og hadde sikkert lært å gå, men kunne nok ikkje så mange ord enno. Her på bruket budde då Iver Jonsson og kona Siri. Det finst ikkje noko bilete […]

Nok krim

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 5. april , 2014

Har funne ut at krim er ut, i allfall for meg. Nei, det var ikkje krisa på Krim som gjorde at no var det nok. Det seier eg no når det nærmar seg, og på Tv er det mange krimepisodar å sjå på. Krim i alle kanalar, meir og meir groteske scener av skamfarne kroppar […]

Ei kjensle av vår

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 30. mars , 2014

Eg likar godt det veret vi har om dagen.  I morgon trur eg sola kjem til å klive Nonshornet også. Då er det vår. Kjekt å kunne ta med brødskivene og kaffikoppen ut på terrassen. Ein grytidleg morgon talde eg 17 hjortar i flokk på Myråkeren. Godt gjort å finne bryddande grasstrå i all daudelja. […]

Hakk i plata

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 12. mars , 2014

Kvar dag, fleire gonger for dag får eg ein invitasjon på mobiltelefonen til å spele Jelly Splash. Det er ein app med eit spel. Eg held meg vekk frå alt slikt. Kva skal eg gjere for å stoppe uvesenet?  Han som sender invitasjonen, kjenner eg, og han meiner sikkert noko godt med invitasjonen. Men eg […]

Misvisande namn

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 11. mars , 2014

Det herjar eit ekstremver i nord. Namnet er Kyrre. Tydinga av namnet er roleg eller fredeleg. Eit fredeleg ekstremver! Når ein storm eller uver vert klassifisert som ekstremver, får det eit kvinne- eller mannsnamn. Her er det jamstelling. Annankvar, mann eller kvinne. Finst det ikkje eit anna mannsnamn på «k» som er meir krigersk eller […]

Ei anna tid

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 10. mars , 2014

Eg kjenner framleis lukta i nasen, lukta av halvtørt høy. Det var mot slutten av ein epoke, ei tid eg nådde i og ei tid eg sa farvel til. Eg hadde valt ein annan veg. På denne tida var det framleis drift på småbruka rundt i bygdene her. Høyet i hesjane vart teke inn i […]

Brunost på tube

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 9. mars , 2014

Måtte prøve det nye konseptet: Brunost på tube. Etter å ha brukt det på nokre kakeskiver, er eg klar for ei evaluering. Det smakar brunost, eller ein mellomting mellom prim og gudbrandsdalsost. Eg er oppteken av at all mat som hamnar i kjøleskåpet, skal etast opp, men eg kjem nok ikkje til å putte ei […]

Vanskeleg snakk ?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 2. mars , 2014

Det skal handle om å vere uredd, men ikkje i den tydinga dei fleste legg i det: Å vere fryktlaus eller modig. Eg må no som så ofte før tilbake til barndommen. Det var det lokale landpostbodet som sa det etter at mor mi ein dag spurde han kva tid ein kunne vente at han […]

Blåstr

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 15. februar , 2014

Det blæs ikkje berre på toppane no om dagen. Sidan nyttår har vi opplevd det dagleg; ein stendig blåstr, gjennomtrengjande og ukontrollert. Somme stader sterkare enn andre plassar. Godt at det har vore nærast null i nedbør, og i allfall ikkje snø. Du må langt opp i bergsidene for å kunne trakke i snø. Her […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php