Ei anna tid
Eg kjenner framleis lukta i nasen, lukta av halvtørt høy. Det var mot slutten av ein epoke, ei tid eg nådde i og ei tid eg sa farvel til. Eg hadde valt ein annan veg. På denne tida var det framleis drift på småbruka rundt i bygdene her.
Høyet i hesjane vart teke inn i løa og gjeve til for. Her var det 5-6 kyr og nokre kalvar. Mjølkeskvetten vart send til meieriet i span. Det var dette ein skulle leve av. Oksekalvar vart selde til slakt, men noko gjekk til eige hushald. Det var ein hest på stallen og nokre høner. I dag er det vanskeleg å forstå at ein greidde seg.
Eg var her som dreng, men så valde eg skulevegen som det heiter.
Det merkelege var at eg kom hit att etter nokre år og tok over eigedomen. Bonde vart eg ikkje, men eg har budd her sidan. Andre slo og stelte fint med jordvegen som det heiter. No er mesta alle gardane lagde ned som driftseiningar. Endå vert det meste slege av dei som enno driv, og somme køyrer langt etter foret. Kva om alle sluttar og vert sofabønder? Endå verre: Tenk om alle åkrane og attelegene veks att med kratt og skog? Skal alle bu i byar og tettstader?
No har eg god tid til å tenkje, og då kan ein somme tider bli mørkredd midt på lyse dagen.

