Follabloggen

Velkommen til min blogg

Blåstr

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 15. februar , 2014

Det blæs ikkje berre på toppane no om dagen. Sidan nyttår har vi opplevd det dagleg; ein stendig blåstr, gjennomtrengjande og ukontrollert. Somme stader sterkare enn andre plassar. Godt at det har vore nærast null i nedbør, og i allfall ikkje snø. Du må langt opp i bergsidene for å kunne trakke i snø.

Her i huset har vi funne ut at det må vere glimrande å henge vasken ut på klesnora i staden for å bruke tørketrommel eller stativ på stova. Her ein dag fekk eg i oppdrag å gå ut og henge opp dynetrekk og laken på klekarusellen. Det kunne eg kome skite i frå, men etter litt strev og stivfrosne fingrar, fekk eg det til. Synd å seie at det var ei estetisk nyting eg gjekk i frå etter opphenginga. Av og til var vinden så sterk at dei store tøyflaka stod både rett til værs og ville både hit og dit. Måtte bruke mange klemmer på kvart tøystykke. Dei som kjenner meg best, veit at eg ikkje gjev meg så lett.

Den natta drøymde eg at trekket til dobbeldyna losna frå snora og hamna høgt oppe i ei gran. Kva skulle eg gjere? Klatre opp i grana, våga eg ikkje. Måtte eg sage ned det store treet for å berge dynetrekket. Altfor farleg å gå laus med motorsag i den stride sørausten. Kva ville grannen seie når han såg klevasken oppe i grana? Eg var glad då eg vakna og skjøna at det var ein draum.

Ein draum var det ikkje for ho som hengde nyvaska dunputer ut på klesnora ein kveld. Berre ei vart attfunnen.

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php