Brunost på tube
Måtte prøve det nye konseptet: Brunost på tube. Etter å ha brukt det på nokre kakeskiver, er eg klar for ei evaluering. Det smakar brunost, eller ein mellomting mellom prim og gudbrandsdalsost. Eg er oppteken av at all mat som hamnar i kjøleskåpet, skal etast opp, men eg kjem nok ikkje til å putte ei slik tube i handlevogna oftare,
Kvifor har dette meieriet funne på å fylle osten på tube? Er det verkeleg marknad for det? Det er vel ikkje så mange norske astronautar som et produktet? For ein romfarar er det som kjent praktisk med mat på tube.
Brunosten skal vere firkanta, og det skal brukast ostehøvel. Andre ostar kan ha andre former. Eg kjøpte forresten ein geitost (brun) som var sylinderforma. Den hadde eg med på ein tur til Israel. Det var norske der som skulle få han i gåve. Eg fekk ein del plunder med han, for i flyplasskontrollen vart det mistanke om at det var ei bombe. Tannkrem skal vere på tube. Tannkrem i ei krukke ville vere for dumt. Kaviar, baconost og majones synest eg er ok på tube, men ikkje brunost.
No er det nok slik at klistrar ein brunosten ut av ei tube, så brukar ein meir enn når ein skjer vakkert med osteskjeraren, og det er kanskje litt av poenget for produsenten: Meir forteneste.
Det kan kanskje finnast ein brunostelskar som finn det praktisk å ta med ei slik tube saman med nistematen. Voila! Sveitte brunostskiver er historie.
