Follabloggen

Velkommen til min blogg

Vanskeleg snakk ?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 2. mars , 2014

Det skal handle om å vere uredd, men ikkje i den tydinga dei fleste legg i det: Å vere fryktlaus eller modig.

Eg må no som så ofte før tilbake til barndommen. Det var det lokale landpostbodet som sa det etter at mor mi ein dag spurde han kva tid ein kunne vente at han dukka opp for å levere posten. Grunnen var sjølvsagt at det kunne variere svært frå dag til dag når ein kunne finne noko i postkassa, eller når han kunne treffast. Svaret ho fekk var: «Klokka halv to er de ikkje uredde». Tydinga vert då at på den tida kan de risikerer at eg er komen.

I går tende eg opp eit aldri så lite bål slik at vi kunne grille pølser. Men det er tørt og snølaust og det har vore forbod mot å tenne opp utandørs så eg var særs varsam. Då vi var ferdige med grillinga, vart bålet sløkkt med vatn. Det gjorde eg for å vere «uredde». Eg kan gjerne bruke same uttrykket  når det gjeld daglege tryggingsrutiner.» For å vere uredde, så tek eg ut kontakta til kaffitraktaren og låser ytterdøra. Eg veit at det gjerne går bra. men eg gjer det for å vere uredde. I mitt språk er då uredd synonymt med å vere trygg.

Den yngre generasjonen forstår ikkje kva eg meiner med uttrykket, men eg brukar det likevel.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php