Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Kake

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser torsdag 17. februar , 2011

Du kan visst skrive doktoravhandling om mest kva som helst. Eg har ikkje tenkt å gje meg ut på det, men av og til likar eg å filosofere over eitt og anna. Du har vel lagt merke til det. Så har du sikkert også fått med deg at eg ikkje alltid pløyer så djupt, går […]

Mange slags tur

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser onsdag 16. februar , 2011

«Ut på tur, aldri sur», heiter det i ei oppmuntrande utsegn kanskje til nokon som er litt uviljug til å ta ut. Det er forresten mange slags tur, min tur og din tur. Vi kan ta ein tur, og vi gjekk ein tur. Då eg var i kortebukse- og undelivalderen på femtitalet, gjekk vi borna […]

Tilbake i bingen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 15. februar , 2011

Det er greitt og trygt i bingen. Eg veit kvar eg finn mat, kvar bolet er og andre naudsynlege stader. Du synest det høyrest ut som ein stad for gris eller andre firføtte. No ja, katten er her, men ingen andre dyr. Eg reknar meg til manneætta. Ordet binge kan assosierast med eit fengsel. Vert […]

Nemningar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 14. februar , 2011

Det er ein del nemningar som har forsvunne frå språket, og i ein del tilfelle kan det vere berre bra.Når vi i min barndom kalla ei jente for ei fesje eller tausafesje så var det vel ikkje meint så overlag positivt, Kalla du ei kvinne for eit nasegrev var det heller negativt, Det var rett […]

Vy 2

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser søndag 13. februar , 2011

Så vart det Fløyentur likevel, men hjelpe meg for ei ishelle som møtte oss då vi vel hadde passert Skansemyren. Vel, vi kom oss opp vi tre karane og vesle Johanna i vogna. Det hadde vorte litt skumt, men utsikta frå Fløyen er alltid verd ein tur berre det ikkje er skodde. Harald svigerson tok […]

Vy

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 12. februar , 2011

I dag har eg ei fantastisk utsikt over Vestlandet sin hovudstad, eller byen mellom dei sju fjella. Vi hadde ei fin reise sørover i går. Sidan Geislida var stengd, måtte vi køyre om Kalvatn og Grøndalen. Det har falle mykje snø i høgda i det siste og brøytekantane var meir enn 3 m, trur eg. […]

Slekt

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser torsdag 10. februar , 2011

No er slektsgransking på moten. «Hvem tror du at du er ?» heiter ein programserie på NRK der kjende personar finn ut av slekta si bakover. Før var det berre ein og annan som hadde slektsgransking som eit spesialområde, men no held det på og blir ei farsott. Ganske positivt i utgangspunktet å bli kjend […]

Kvivsvegen

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser onsdag 9. februar , 2011

Snart er det hol gjennom fjellet til Hornindal. No er det ca 500 m att av den 6,7 km lange tunnelen frå Kalvatn til Grodås. Det vert no berre drive tunnel frå Nordfjordsida. Vegen mellom Kalvatn og Fyrde er no i svært dårleg forfatning med vaskebrett og holer så eg er glad vi slepp å […]

Strupl

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser tirsdag 8. februar , 2011

Eg har leita fåfengt i ordbøker, men ordet finst ikkje. Tenk det, nok eit ord som har hatt lokal forankring. Det er eit lydmålande ord, eit onomatopoietikon. Det er brukt om å tøyse, søse, fjase, snakke uvøre. Viss nokon seier noko mottakaren synest er berre vrøvl og pølsevev, kanskje skitprat, kjem kommentaren om at dette […]

Radioandakten

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 7. februar , 2011

Eg er ein av dei som får spørjeundersøkingar frå TNS- Gallup. Eitt avspørsmåla på ei slik undersøking gjekk på kva eg syntest om at det er andakt på Nrk. Dei fekk eit positivt svar på det. Kvifor er det så viktig for mange å få vekk alt som smakar av kristendom på radio og TV? […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php