Follabloggen

Velkommen til min blogg

Vy

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 12. februar , 2011

I dag har eg ei fantastisk utsikt over Vestlandet sin hovudstad, eller byen mellom dei sju fjella. Vi hadde ei fin reise sørover i går. Sidan Geislida var stengd, måtte vi køyre om Kalvatn og Grøndalen. Det har falle mykje snø i høgda i det siste og brøytekantane var meir enn 3 m, trur eg. Vi hadde ein god pause på Skei hos Eli og Hallvard og utanfor butikken var det ein snøhaug som gjorde utsikt frå 1. etasje umogleg.

Det var eit perfekt vinterver med sol der fjella ikkje skygde, men sola kunne også vere eit problem når ho stod midt i mot,, og eg ikkje hadde teke med solbriller.

I Bergen er det snøfritt og sola skin frå ein himmel som ikkje er heilt klår, men det skal bli fint å ta ein tur på byen no straks. Så er vi inviterte ut til Arna der Gyrid tek mot oss med lunsj. To bilar må til! Åse og Arne er byen og Åse vert med.

Eg likar godt å kome ein tur på Fløyen, og der er det ei endå betre utsikte enn her frå Krybbesmauet 1, men det vert nok ikkje tid til det denne gongen.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php