Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Stemmer

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 6. februar , 2011

Det finst folk som høyrer stemmer, og det kan vere eit farleg symptom. Men det er ikkje farleg å hugse stemmer og høyre dei inne i seg lenge etter at den som snakka er borte. Eg tenkjer at dette kan vere ein rikdom. Tenk at eg hugsar korleis den og den stemma var. Det som […]

Liv på andre planetar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 5. februar , 2011

Det er ein norsk astronom som vert heilt vill og får stjerner i blikket når det dukkar opp nye galaksar og planetar. Eg les om denne satellitten, Kepler,  som har oppdaga eit nytt solsystem som ligg 2000 lysår borte. Dette solsystemet skal visst ha temperaturar som kanskje kan vere leveleleg for organismer. Så tenkjer eg, […]

House

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser fredag 4. februar , 2011

Kvifor ser eg på House? Ja,kvifor ser folk på denne såpeserien. Eller er det feil å kalle det såpe? Eg er i utgangspunktet utruleg fascinert av dei medisinske kunnskapane til den eller dei som står bakserien. Sidan eg ikkje er lege har eg små føresetnader for å forstå mykje av det medisinske. Det er ofte […]

Framfot

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 3. februar , 2011

Ein seljar er ein pågåande person som set foten mellom karmen og døra når han vil selje noko til husstanden, t.d. ein støvsugar. Vi kan likevel ikkje kalle denne seljaren for ein framfot sjølvom han har ein fot som stikk fram. Ein framfot er ein person som vil stikke seg fram, som vil ha rom, […]

Venting

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser torsdag 3. februar , 2011

Kva gjer du når du ventar? Sit du i ein stol og ser ut i lufta, eller går du rastlaus rundt på golvet? Dei fleste finn vel på å gjere eitkvart i ei ventetid, gjere noko som er litt meining i så tankane kan bli sysselsette med noko anna enn venting. Sitje og sjå på […]

Kyndelsmess og litt til

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser onsdag 2. februar , 2011

Det er vel med meg som dei fleste andre andre, det er ikkje alle dagar skrivelysta er like sterk. Eg ser at det er kyndelsmess i dag. Kva eg ser detpå,  kan vere det same. Dette er ein dag du kan finne mykje om viss du leitar i leksikon og på internett. Det er også […]

Egypt

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser tirsdag 1. februar , 2011

Det er spennande tider, kanskje lagnadstunge. Heile verda vender auge til dette eldgamle kulturriket. Landet ved breidda av Nilen har alltid fascinert meg. Kva som skjer i dette landet har mykje å seie for arabarverda og for resten av verda. Landet er no å sjå til i kaos, kanskje det kan kallast føderier. Det er […]

Spillevatn

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 31. januar , 2011

Spillevatn er ikkje spillvatn. Spillevatn er silande, vedvarande regn.  I følgje yr.no er det det vi kan vente oss framover. Viss eg søkjer på google er det ingen som veit skilnaden, men nynorskordboka har med spillevatn som regn. Spillvatn er forureinsa vatn. Det kjem m.a. frå hus. Det som kjem frå skyene kan vanlegvis drikkast, […]

Turrnavar

Kategori: Ukategorisert | 4 kommentarer » - Publiser søndag 30. januar , 2011

I dag vandrar vi frå hendene til hovudet. Det er mange nedsetjande ord på dei som ikkje får det til reint mentalt eller evnemessig. Turrnavar er vel nesten gløymt, men det er eit ord som har vore brukt her i området. Viss ein elev ikkje fekk til noko i boklege fag på skulen var han […]

Treneve

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 29. januar , 2011

Ordet i dag kunne gjerne vore fransk dersom ein legg trykket annleis enn på norsk. Det er sjølvsagt først leddet som skal ha trykket og skildrar ein person som ikkje får det til med hendene sine. Dei er så å seie ubrukelege til praktisk arbeid, men kan sjølvsagt brukast til å skufle i seg mat […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php