Follabloggen

Velkommen til min blogg

Stemmer

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 6. februar , 2011

Det finst folk som høyrer stemmer, og det kan vere eit farleg symptom. Men det er ikkje farleg å hugse stemmer og høyre dei inne i seg lenge etter at den som snakka er borte.

Eg tenkjer at dette kan vere ein rikdom. Tenk at eg hugsar korleis den og den stemma var. Det som sette meg på denne tanken, var då eg høyrde at Knut Risan hadde gått bort. Han hadde ei spesiell stemme som sjølvsagt vert knytt til opplesingar han hadde, eller roller han spelte. Eg hugsar mange stemmer og ser gjerne personane føre meg.

Det kan vere ei songstemme eller ei talestemme, eller båe deler. Hjerna vår er ein harddisk som hugsar,  som kan spele av og vi får assosiasjonar når vi høyrer eit namn. Nokre stemmer var svært karakteristiske som Louis Armstrong, Trygve Bratteli, Jon Leirfall, ikkje berre mannsstemmer sjølvsagt. Somme dikt kan ein ikkje lese utan å høyre farfattarstemma, Tarjei Vesaas, Arnulf Øverland….

Så hugsar eg sjølvsagt stemmene til nære som har gått bort, og eg har eit sterkt ynskje om at eg alltid må hugse dei.

Det er personar som veldig mange har hatt eit tilhøve til, og det finst døme på stemmer vi ynskjer vi aldri hadde høyrt. Eg skal ikkje nemne namn.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php