Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Rotekopp

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 27. januar , 2011

Er du ein rotekopp? Då er du i godt, nei dårleg selskap. Har prøvd å finne ut kva ordet har sitt etymologiske opphav i. I følgje ordboka er kopp ein kopp, men eg trur heller det er kopf, altså tysk for hovud. Rotekopp og rotehovud er det same og ein vert rotekopp fordi ein er […]

Dilemma

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 26. januar , 2011

Å ha eit dilemma kan vere eit val mellom pest og kolera. Då har vi det på det verste! Men det finst grader av dilemma, heldigvis. Vi kan gjerne slå fast at kvar dag kan ha sitt dilemma. Det kan gjere livet meir fargerikt når vi har eit dilemma. Valet må gjerast. Å ikkje falle […]

Telefontrøbbel

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 25. januar , 2011

Telefonen er viktig. Verkar ikkje telefonen, er ein ille ute. Reven har fleire utgangar frå hiet. Slik er det også her i huset. I dag verkar ikkje fasttelefonen. Du får berre gå og skaffe deg ein ny sa  den lokale stemma hos leverandøren av IP-telefon og Internett. Kjøp deg ein telefon med livstidsgaranti. Javel, så […]

Lukt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 24. januar , 2011

Luktesansen er viktig. Utan luktesans vert livet fattigare. Det finst mange slag lukter, gode lukter og mindre gode. I dag tenkjer eg helst på dei gode luktene. Det er dei som kan kallast dufter. Motsett dufter er tev, det vil eg ikkje tenkje på i dag, men tankane er vanskelege å styre. Mange minner er […]

Gamle uttrykk

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 20. januar , 2011

Eg får ikkje med meg så mykje av det som er oppe og «væde» når det gjeld ord og uttrykk, kall det gjerne slang. Eg er sein til å ta inn nye uttrykk, eg heng vel for fast i det gamle. Som dette uttrykket «framsnakking» Endeleg no forstår eg kva som ligg i det. Sylfest […]

Merkedag

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser onsdag 19. januar , 2011

Du som les bloggen min, veit at eg stendig luftar tankar om dagar, Det er ikkje så rart, synest no eg for livet er fullt av merkedagar, men dei må leggast merke til. Dagen i dag er din dag, Solgunn! Fødd for 30 år sidan på ein skikkeleg vinterdag, ja så skikkeleg at faren din […]

Papirlaust

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser mandag 17. januar , 2011

Korleis kan folk bu i landet i årevis utan å ha papira i orden? Kva slag papir har eg sjølv, forresten. Dåpsattest har eg. Den syner at eg fødd i 1944 i Volda av mor Ingeborg og far Per. Så har eg bankkort som syner at eg har konto i banken og kan ta ut […]

Blankis

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 16. januar , 2011

Etter kulde og snø kjem det før eller seinare mildverspriodar. Då vert det is på vegen og farleg glatt. Då er det betre å setje seg i bilen og køyre i staden for å gå. Men det er ikkje problemfritt å køyre heller når det er så glatt. Det må sandast på så glatte vegar […]

Kjekt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 15. januar , 2011

Dei unge vil ha det kjekt. Viss det ikkje er kjekt så er det kjedeleg. Eg vil også ha det kjekt – ikkje kjedeleg. Dei siste dagane har eg hatt det kjekt, særleg i dag. Kjekt og travelt, ja, av og til er kjekt synonymt med travelt. Slik var det også då eg var yrkesaktiv. […]

Bursdag

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser onsdag 12. januar , 2011

Ein spesiell bursdag! I dag er eg «ekte» pensjonist til no har det vore AFP. Kva inneber så det? Halv pris på bussen, honnør-billett. Veit ikkje om eg synest så mykje om det. Vi pensjonistar i dag er ikkje fattiglus.Vel, vel vi har no ytt vårt til samfunnet, som det heiter. I dag er det […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php