Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Hau- Knut

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 10. januar , 2011

Han fekk mange år på jorda, meir enn 94. No er han reist. Dei siste åra var nok ikkje lette. det var slike år som Preikaren skriv om. Syn og høyrsle vart borte, kroppen vart meir og meir ei bør. Eg hugsar då han var i si velmakt. Han var ein mann som hadde mange […]

Vanleg dag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 9. januar , 2011

Overskrifta er feil! Det finst ingen vanleg dag. Alle dagar er annleis. Dagen i dag er søndag. Det er ein dag for kvile og rekreasjon. Sist veke har ikkje vore vanleg viss vi skal bruke det ordet. Vi har skifta kalender og har kome til den 9. dagen i 2011. For to dagar sidan var […]

Trettandedagen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 6. januar , 2011

Det er trettande dag jul, Heilage tre kongars dag, eller julekveld i den ortodokse kyrkja. Eg har ikkje teke den store konsekvensen av at det no er slutt på jula. Etter gammalt er det også noko so heiter tjuande dag jul, og for å trekke det endå lenger er det noko som heiter Kyndelsmess. Det […]

Tyggis

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser onsdag 5. januar , 2011

Uovervinneleg som tyggegummi! Berre den som har kjempa mot uvesenet veit kva det inneber.  Kan hugse ein kollega som var særleg aggressiv når det gjaldt tyggegummi. Han starta gjerne timen med å gå mellom pultradene med bosbøtta. «Spytt ut!» Nokre valde å svelje ned. Veit ikkje om dei gjorde som drøvtyggarane  og gulpa det opp […]

Tilbake på sporet

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser tirsdag 4. januar , 2011

Eg likar å vere på sporet av noko. det kan vere mest kva som helst, til og med mat! Etter ei velfødd julehøgtid er nok ikkje trongen etter mat det som er mest presserande, kanskje. No er eg tilbake på sporet. det var det eg ville fram til med tankane mine i dag. Tilbake i […]

Høgtidsdag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 25. desember , 2010

1. juledag er høgtidsdag og meir høgtidleg enn andre. Eg lærte tidleg at på denne dagen gjekk vi ikkje gardimellom, vi heldt oss heime. I dag er det nok ikkje slik mange stader, men her er det slik. Det einaste vi kan gjere av utfart, er kyrkjegang. Gang og gang, det vert helst til at […]

Julemoro

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 23. desember , 2010

Veslejulaftan morgon. Ein av dei små julegjestane reiv ned treet vi pynta i gårkveld. Treet vart reist opp igjen og restar av knust pynt vart kasta i bosset. Det var rikeleg med kuler igjen og lysa var i orden. Snart kjem det fleire gjester, trur dei er like om hjørnet. Om ein times tid reiser […]

Solsnu

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 21. desember , 2010

I morgon vert dagen litt lengre. Tvilsamt om det kan merkast. Dag etter dag har det vore klåre morgnar. I dag var det overskya; vi skulle ikkje få sjå månemørkinga her. Pussig at både sola og månen kom slik i fokus i dag. Sola snur ikkje. Det var før i tida det, no veit vi […]

Julestemning

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser mandag 20. desember , 2010

Eg har slutta å jakte på julestemninga. Det er ein absurd tanke å tvinge fram ei stemning. Det er ikkje to juler som er heilt like, nett som med livet elles. Ei julestemning må sjølvsagt vere positiv. Det er ingen som kjem i julestemning når dei tenkjer på vonde ting som har hendt i ei […]

Julegran

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 19. desember , 2010

Overskrifta kunne vore juletre. For meg er det gran som gjeld. Eg kan hugse frå oppveksten at det av og til var fure. Nei, det må vere gran frå eigen skog. Dei som meiner å ha vit på det seier at det er ein dårleg sort gran som veks i min skog. Kan godt vere […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php