Kjekt
Dei unge vil ha det kjekt. Viss det ikkje er kjekt så er det kjedeleg. Eg vil også ha det kjekt – ikkje kjedeleg. Dei siste dagane har eg hatt det kjekt, særleg i dag. Kjekt og travelt, ja, av og til er kjekt synonymt med travelt. Slik var det også då eg var yrkesaktiv. Dei dagane eg hadde det travelt, kunne vere særleg bra dagar. Då fekk eg bruke evnene mine, eg hadde utfordringar, og eg fekk til det eg jobba med.
I dag er det laurdag. Har jobba hardt sidan i dag tidleg. No er eg ferdig med å fuge fliser på badet. Over helga er det silikon som er stikkordet og så skal eg lime to hjørnelister med Tec 7. Tec 7 er limet som limer nesten alt, men likar ikkje silikon.
Så skal eg ringe til røyrleggaren. No kan du kome! Lat meg sleppe å vente for lenge! Alt som trengst er kjøpt inn. No heng det på deg.
Eg har litt snikkararbeid å gjere enno og litt tapetisering. Ser fram til å bruke do og dusj. Eg står først på lista.
Målet var å bli ferdig til pinse og det må halde. Her er nokre andre prosjekt også. Det eine dreg med seg det andre heiter det. Bør kanskje tenkje på neste vinter også, med ved. Så er det storprosjektet, granfelling for Afrika. Skulebygging i Etiopia.
Eg vert visst ikkje arbeidslaus med det første.
