Follabloggen

Velkommen til min blogg

Mange slags tur

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - onsdag 16. februar , 2011

«Ut på tur, aldri sur», heiter det i ei oppmuntrande utsegn kanskje til nokon som er litt uviljug til å ta ut. Det er forresten mange slags tur, min tur og din tur. Vi kan ta ein tur, og vi gjekk ein tur.

Då eg var i kortebukse- og undelivalderen på femtitalet, gjekk vi borna av og til på noko vi kalla matatur. Målet for turen var ikkje langt undan, kanskje 500 m. Då vi kom fram, slo vi oss ned på kvar sin stein, tue eller trestamme som berre låg der, og leitte fram brødskiva. Eg kan ikkje hugse kva vi hadde på skivene, men det var kanskje brunost, eller sukker. Nei, det var ikkje det store utvalet i pålegg den tida. Syltety er noko svineri på ei brødskive ein tek med i eit papir. Plastpose nei, den var ikkje oppfunnen, i alle fall ikkje på bygda.

Eg kan endå hugse kor godt grovskiva smaka ute i det fri. Det var nok både elvesus og fuglekvitter, men slike lydar kaga vi ikkje på den tida. Kva vi prata om? Ja, den som kunne referere 60 år gamle samtalar!

Det er slutt på mine barndoms mataturar. I dag ville det kanskje heite picnic, men kanskje det også er avlegs. Camping kan  ikkje ein tur på ein halv kilometer kallast.

Ein annan gong skal eg skrive litt om kva slags leikar vi underheldt oss med.

1 kommentar »

  1. gyrid røkenes Said,

    februar 16, 2011 @ 13:20

    det var koselig at du skreiv om matatur. Det er gode minner fra vår barndom. Trur vi ofte hadde berre smør på dei heimebaka kake skivene. Det var ikkje så viktig.

    ha ein god dag! helsing systra di

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php