Follabloggen

Velkommen til min blogg

Framleis liv på garden?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 22. august , 2021

Er det verkeleg grunnlag for spørsmålet om garden framleis er liv laga?  Vi som bur her har hatt arbeid utanfor bruket. Dei tidlegare generasjonane har livnært seg ved arbeid på garden. Vi har inga buplikt, men driveplikt. Driveplikta vert oppfylt når ein får nokon til å bruke jorda, nokon som ikkje bur på bruket. Dei fleste som bur i bygda her og eig garden dei bur på, driv ikkje sjølve, men får nokon til stelle med jorda. Det vil i praksis seie at nokon gjødslar og slår graset.

No står ei dotter og mannen hennar klare til å ta over Ivafolla. Dei vil flytte frå Oslo og bygge hus her på garden. Dei har to born i tidleg skulealder. Vi som er her vil framleis få bu her så lenge vi lever. Dette er eit godt grunnlag for at slekta framleis får bu på garden.

Det er to grunnar til at det ikkje er sjølvsagt at dei får slå seg ned her.

1. I følgje kommunen er det vanskeleg å få løyve til å bygge eit tredje hus på garden.  Viss ein riv eitt av husa vil det vere plankekøyring å bygge eit nytt hus. Det vi kallar Gamlehuset er noko av sjela på garden. Det er godt brukande i sommarhalvåret, med det er for dårleg isolert  til å vere heilårsbustad.

2. Det nye huset er tenkt plassert slik at noko av dyrkamarka vert nedbygt. Dette kan lett ordnast med å dyrke tilsvarande areal.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.