Farsdag
Farsdag kjem kvart år andre søndagen i november. Eg må vel vedgå at det står ingen stad i «lova» at det skal feirast farsdag. Det var nok forretningsstanden som fann på det heile.
I år fekk eg ikkje farsdagskort, men eg fekk ei bok av kona mi. Alle dei femborna har gratulert meg med dagen og vi har hatt ein god samtale med kvar av dei. Eg ville ikkje ha kaffi på senga. Bra frisk så det er greitt å kome seg opp og kome i gong med dagen. Det vart ein fin spasertur i lag med kona, og dei som bur i nyehuset på garden. dotter, svigerson og borna deira.
