Livet er ingen draum
Eg held på og les ein biografi om Olav H. Hauge. Den har tittelen «Mitt liv var draum». Det kan vere at vi stundom kan seie om ei hending at det var ein draum, eller at noko gjekk som ein draum. Men at livet var ein draum! Han har nok sagt det ein gong sidan biografen har sett tiitelen at livet var ein draum.
Skal eg no likevel halde fram i dette sporet, så kan det vere freistande å tenkje på alle draumane eg har. om natta. Kvar gong eg vaknar etter ein draum tenkjer eg ofte :Det er godt at det berre var ein draum. Eg har ein type draum som kjem att i ulike variantar, handlande om mitt tidlegare, yrkesaktive liv. Sist natt var eg attende i rektorjobben.
Det nærma seg skulestart. Det skremmande var at eg ikkje hadde budd meg til det nye året med alt som må på plass, td. ein timeplan og alt det som elles må på plass før starten av nytt skuleår, Då var det godt å vakne og vite at eg framleis er pensjonist!
Livet byd på både gode og mindre gode dagar og neter. Ein kan også ha sine draumar, men eg er vel helst ingen drøymar.
