Follabloggen
Ingen kjenner dagen
Ei slik utsegn er i beste fall kryptisk. Er det ein stor dag, eller ein vanleg dag? Er det min dag, eller mange sin dag?
Dette er midt i ei veke, første veka i juni. Vermeldinga gjekk ut på fin dag utan nedbør, men så kom det litt regn og seinare ei heil byge.
Eg hadde hengt ut klede på snora og trudde på opphaldsver.
No er det vind utan regn. Kanskje vert kleda turre før kvelden likevel.
Ingen kjenner dagen før sola går ned
Det har elles ikkje skjedd all verda i dag. Logga meg inn på face og fekk meg nytt passord. Likar ikkje at det er ein kvan der ute som misbrukar profilen min eg sender ut
spørsmål om å bli venn med ein og hin eg elles er ven med. Dei som har fått spørsmål, kan tru at eg held på å bli gløymsk og det som verre er.
Dagen er endå ikkje over. Meir kan skje.
.
