Follabloggen

Velkommen til min blogg

Meir om Hælelause-Jo

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 1. mai , 2024
Eg skreiv ein blogg i går og kom i dag på at eg kunne sjekke litt nærare 
når det gjeld soga om Hælelause-Jo. Det er ikkje nokon tvil om at mannen
har levd. Han skal ut frå det som heiter Voldasoge, ført i pennen av Per
Årviknes, vore med i fleire slag der han hadde utmerka seg. Han fekk garden
Sunndalsfolden som løn for det. Ut frå det må ein slutte at garden hadde vore
krongods.

Årviknes skriv at sabelen som Jo slo inn i biten, sto og dirra. Jo må ha hatt
status mellom dei styrande for han er nemnd som lagrettemann i 1706. Ut frå
Voldasoga kan det elles sjå ut til at han har kome til garden i 1703.
Eg finn ikkje ut kva tid kona hans, Brit, døydde, men det er opplyst at han
vart gift andre gong med Marte Steffensdotter.

Slekta til Hælelause- Jo har levd her på garden i over 300 år. Det er mykje
som har endra seg. Det får eg akrive om ein annan gong.




Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php