Follabloggen

Velkommen til min blogg

Follabloggen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 4. april , 2024

Vår i anmarsj

Litt rart, men mest kjekt at Follabloggen er i gang att. Han vil nok vere attkjennanede med tankar og refleksjonar over ulike emne. Må nok berre slå fast at livet mitt vart annleis etter ei periode med mykje sjukdom. Tanken er no at eg ikkje skal repetere eller dvele meir over det, men finne nye vinklar.

Går vi tre år bakover i tid, var det tilhøve som var noko usikkert. No er det mykje som er avklara. Ei nytt hus er under bygging på Haugen. Buplassen er knytt til verda utanfor med breibandskabel. Kona og eg bur i kjellaren, men vonar å flytte tilbake ei etasje opp til gamle trakter ein gong ut på hausten.

Mest revolusjonerande er det nok at det er andre som har ansvaret for buplassen. Eg er kårkall etter gammalt og trivst med det. Veit ikkje om kona vil kalle seg kårkjerring. Ho har aldri akseptert å bli tiltala som kjerring, men eg lever godt med å vere kall.

Det er lite vårteikn, sist natt var markane kvite. Hestehoven har ikkje synt enno og ingen flyttfugl. men nokre pjuskete påskeliljer er her.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.