Follabloggen

Velkommen til min blogg

Påska 2024

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 1. april , 2024

Sjølve påska

Dei færraste veit visst at påska tek til først påskemorgon, 1. påskedag. Difor er det svært vanleg at folk helsar kvarandre «God påske» allereie palmesøndag. Påska byrjar med sjølve påskeunderet: Jesu oppstode frå dei døde.

I år var vi samla heile 20 med smått og stort, men alt denne dagen vart det ei avskaling. Ein familie på 5 måtte reise etter påskefrukosten. Då hadde vi samla oss om påskebodskapen og sunge nokre påskesalmar. Dei 15 som var att køyrde til hovudkyrkja i Volda for å feire messa der. Det vart ei høgtideleg og fin stund.

Denne dagen var det ikkje ver til å dra til fjells, gråver og regne, alle kosa seg som best dei kunne. Eg har lese ei tjukk bok og er straks i mål med eit stort kryssord. I skrivande stund er også alle påskegjestane reiste. 2. påskedag kan verke som eit antiklimaks. men det er framleis påske og hov varer heilt til pinse.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.